syvde

Velkommen til Notaplassen hamn og camping

Notaplassen Hamnelag driftar i dag ei stor båthamn som ligg inst i Syvdsfjorden omkransa av majestetiske fjell på kvar einaste side. Hamna tilbyr både fastplass og gjesteplass og består av to flytebrygger a 57 meter lange. Totalt er det plass til 65 båtar.
Koordinatane til hamna er N 62.08775 E 005.72987


Hamnelaget driftar også ein bubil- og campingplass på landområdet ved båthamna. Plassen har kapasitet til 14 bubilar/campingvogner. Både båtgjestar og campinggjestar har fri adgang til toalett og dusj i servicebygget som ligg midt på hamneområdet. Servicebygget inneheld også eit selskapslokale med plass til 40 gjestar og er tilrettelagt for utleige. Bygget er tilrettelagt for bevegingshemma personar.

Sal av båtplass

Størrelsar Prisar
2,5 meters-plass 43.000 kr
3 meters-plass 53.500 kr
4 meters-plass 61.500 kr


Leige av gjesteplassar

Prisar for desse er som følgjer:

Beskrivelse Prisar
Båt opp til 42 fot inkl. straum/vatn 100 kr
Båt over 42 fot inkl. straum/vatn 150 kr


Bruk av båtopptrekk kr 150.- pr gong for ikkje-medlem av hamnelaget, betaling i kasse ved brygger eller til kontonr: 3910.30.81681

For kjøp av båtplass, kontakt Gunnar Eikrem eller Jan Eikrem

Tlf: 959 18 905/ 951 69 699
joeikrem@hotmail.com

Camping

Både campingvogner, bubil og telt er tillat. 100 kr u/strøm per døgn og 150 kr m/strøm per døgn. Betaling pr. Vipps eller kontant i betalingskasse som er festa rett innanfor inngongsdøra til serviceanlegget.

For bruk av WC send sms til 959 18 905 eller 995 44 327 merka med ”kode WC” for å få tilsendt koda til nøkkelboksen.

Utleige av selskapslokale

Til arrangement av ulike slag stiller Notaplassen Hamnelag SA opp med eit sjarmerande selskaplokale midt i Syvde sentrum med vakker utsikt til alle kantar.
Kjøkkenet er utstyrt med servise til 40 stk og opphaldsrommet har god plass til det same antal gjestar.

Kontaktperson er Kristian Bentsen (tlf: 907 58 975)

Beskrivelse Prisar
Leige av heile huset, eksl. vask etter arrangementet 700 kr

Her er eit bilete som viser selskapslokalet

Selskapslokale

Vilkår ved leige

Vilkåra gjeld for leige av serviceanlegget ved Notaplassen hamn og dets tilhøyrande lausøyre. Vilkåra gjeld uavhengig om det er tale om leige med eller utan vask.

NR. Beskrivelse
1 Leigetakar er objektivt ansvarleg for all skade som blir påført leigeobjektet av han sjølv eller andre han gjev adgang til leigeobjektet.
2 Leigetakar pliktar å straks informere utleigeansvarlig dersom det oppstår skade.
3 Leigetakar pliktar å ta med alt tomgods og søppel etter endt bruk av lokalet.
4 Etter endt bruk skal stolar stablast med 4 stolar i høgda og setjast ytterst langs veggane i opphaldsrommet eller i yttergangen.
5 Brukte vaskefiller og golvmoppar skal vaskast og tilbakeleverast til serviceanlegget.
6 Brukt kjøkken- og serveringsutstyr skal reingjerast i oppvaskmaskina og setjast tilbake i kjøkkenskapet.
7 Leigetakar kan ikkje framleige leigeobjektet.

Opplevingar i nærområdet

Med dei høgreiste fjella som nokre plassar skyt mest rett ned i havet, og som den einaste bygda i Vanylven med 1000 meters toppar, er Syvde eit eldorado for sporty menneske. Skulle ein vere av det meir bedagelege slaget finst det også andre aktivitetar. At Syvde ligg midt i Vanylven kommune med kort avstand til alle dei andre bygdene rundt gjer at moglegheitene for utflukt er mange. Nedanfor kan du sjå nokon av dei opplevingane nærområdet til Notaplassen Hamn kan tilby. Turguide finn du her: Turguide


Hakallegarden

Den etter kvart svært så kjente og populære besøksgarden er verdt eit besøk når ein først er i området. På Hakallegarden kan du verkeleg oppleve livet på landet og kome i nærkontakt med dyr av mange slag. Skulle du så verte lei av å klappe alpakka, ri på hest eller køyre Gråtass kan du nyte eit lite måltid og vakker utsikt frå den koselege kaféen på garden. For meir informasjon sjå Hakallegarden.no



Fjell og friluft

Fjelltoppar

Med fjell på kvar einaste side er Notaplassen Hamn eit godt utgangspunkt for fjellturar. Om ein berre skulle ynskje ein roleg skogstur eller om ein ynskjer å bestige 1000-meterstoppar så er Syvde staden for dette. Med svært godt oppmerka turløyper av ulik vanskegrad er også alt lagt til rette for at alle kan ferdast i naturen.

For dei sprekaste kan det kanskje være ei utfordring å bestige alle dei fem 1000-meterstoppane i Syvdsfjella på ein og samme dag? Høgenipa 1097, Myrkevasstinden 1131, Sandfjelltuva 1002, Blæja 1142, Lissjeblæja 1032 ligg alle slik til at dette er fullt mogeleg. Skulle ein vere eit større konkurransemenneske kan ein prøve seg i løypa til motbakkeløpet BLÅFELDEN RETT OPP. Med ei løypelengde på 4,38 km og høgaste punktet på 842 m.o.h. er dette ei løype som også den best trente vil slite i. Klarer du å slå Thorbjørn Thorsen Ludvigsen si knallsterke løyperekord på 35.48?

blaafelden

Fisking i Syvde

Skulle ein også ha fisking som ei interesse kan ein prøve fiskelukka i den ramsalte sjøen eller i den brusande lakseelva like ved båthamna/campingplassen. Fisking i sjøen er gratis og er tillatt heile året. Sjansen for å få ein fisk på kroken er som regel stor i den fiskerike fjorden.

Vil du heller fiske villaks på fleire kilo ligg det ein fin lakseelv i umiddelbar nærhet til båthamna/campingplassen (markert i blått på flyfotoet). For å fiske i elva må ein kjøpe fiskekort og dette kan kjøpast ved å kontakte Dagrun Molvik på tlf +47 482 67 409. Fiskesesongen i lakseelva varer kvart år frå 15. juni til 31. juli. For meir info sjå facebook-gruppa for laksefiske i Syvde.

fisking

Eit lokaltips er å følge fjellvegen til "Ripsdalssætra" (markert i raud på flyfotoet). Ripsdalssætra har i ei lokal kåring blitt kåra til det vakraste friluftsområdet i Vanylven kommune. Turen frå campingplassen tek ca. 10 minutt med bil eller 1 time til fots og vegen er fullt køyrbar med bubil. Ved "Ripsdalssætra" ligg eit fjellvatn kor du kan fiske fjellørret (100 gram-400 gram) utan fiskekort!



Kosterikjedagane

Kvart år første helga i juni arrangerer ein stor dugnadsgjeng ei helg med mange aktivitetar for både små og store. Sentralt i helga står motbakkeløpet ”Blåfelden Rett Opp”. Med ei løypelengde på 4,38 km og høgaste punkt på 842 m.o.h. er dette eit løp der til og med den sprekaste vil slite. Opp gjennom åra har kjente navn som Oddbjørn Hjelmeset, Simen Østensen, Anders Aukland og Thomas Alsgaard deltatt. For meir info om løpet sjå syvdeil.no eller motbakke.com.

Kosterikjehelga byr sjølvsagt på meir enn berre motbakkeløp. Kunst og kultur er også viktige ingrediensar. Musikk, stand-up, gratis frukost, kyrkjekonsert, kunstutstilling og dans på laurdagskvelden er kvart år viktige ingrediensar.



Utsikten Fjellkro

Er du ute etter eit godt måltid til ein rimeleg pris der du samtidig kan nyte ei upåklageleg utsikt over vakker og storslått natur? Då er dette staden for deg. Restauranten er open kvar søndag frå 12-18 frå slutten av juni til ”over sommaren”. Á la carte og alle rettigheiter. Følg skilting mot Sørdalen frå sentrum av Syvde. Når du kjem til enden av Sørdalen følg fjellvegen til Øverberg og vidare skilting derifrå.



Tip Thaimat Take Away

Hos Tip Thaimat får du kjøpt deilig thaimat som take-away. Kva med Thai Wok, Pad Prink Pao eller klassiske vårrullar? Menyen er rikhaldig, sjå meir her: Tip Thaimat

Adressa er: Saurdalsvegen 56, 6140 Syvde. Bestilling pr. Facebook eller tlf: 971 97 902



Lokalproduserte egg til frukost?

I utkanten av Syvde sentrum ligg eit lite og sjarmerande eggutsal med lokalproduserte egg. Utsalet er sjølvbetjent og betaling skjer kontant eller via Vipps. Adressa er "Syvdefjordvegen 574" og turen dit passar fint som morgontur før frukosten.

lokal mat

Sykkelruter i Syvde

Syvde byr på ei rekke flotte sykkelruter, både langs flate landevegar og i ville skogsvegar. Nedanfor finn du eit utval av ruter med ulike vanskegrad. Alle rutene tek utgangspunkt i start og slutt ved Notaplassen hamn og camping. Merk at det finst ei rekke andre sykkelruter i Syvde i tillegg til dei rutene som er opplista nedanfor.

sykkelstiar

Rute nr.1 (grønn)

  • Lengde tur/retur: 14 km.
  • Sykkeltype: landeveissykkel eller hybridsykkel.
  • Vanskegrad: enkel.
  • Beskriving: Turen går på asfaltert veg med ei jamn stigning dei første 1,5 km. Etter dette flatar det ut i ein slakk nedoverbakke i 2 km. Dei siste kilometerane går slakt oppover. Ruta sitt endepunkt er "Sørdalen" der vegen skiftar frå asfaltert veg til grusveg.
  • Tips til den aktive: denne ruta kan godt kombinerast med rute nr. 4 til "Øverberg". Merk at landeveissykkel ikkje kan brukast til dette.

Rute nr.2 (grønn/svart)

  • Lengde tur/retur: ca 8,5 km.
  • Sykkeltype: terrengsykkel.
  • Vanskegrad: krevjande.
  • Beskriving: turen går via grønn rute og på asfaltert veg dei første 2 km. Etter 2 km må du ta av frå den asfalterte vegen og opp til venstre til ein grusveg. Frå her går det rett oppover i ca 2,5 km før det ventar 4 km med kupert nedoverveg til Notaplassen hamn og camping. Kombinasjonen med knallhard stigning og ei krevjande nedfart gjer at denne ruta har ei krevjande vanskegrad.

Rute nr.3 (grønn/raud)

  • Lengde tur/retur: 8 km.
  • Sykkeltype: terrengsykkel eller hybridsykkel.
  • Vanskegrad: middels.
  • Beskriving: turen får via grønn rute den første kilometeren. Ta av frå den asfalterte vegen og inn på grusvegen på raud rute. Frå dette punktet byrjar ein 3 km lang bakke med jamn stigning før du kjem til punktet merka med "Seter" på flyfotoet.
  • Tips til den aktive: etter den 3 km lange oppoverbakken er det tid for ei lita pause på den vakre og idylliske "Setra". Etter ein pust i bakken er det berre å fortsetje til vegens ende (ca. 2,8 km). Denne etappa blir avslutta med ein knallhard oppoverbakke. Med denne ekstraetappa vert lengda tur/retur til Notaplassen hamn og camping ca. 14 km.

Rute nr.4 (grønn/svart)

  • Lengde tur/retur: ca 18 km.
  • Sykkeltype: terrengsykkel eller hybridsykkel.
  • Vanskegrad: krevjande.
  • Beskriving: turen går via asfaltert veg på grønn rute dei første 7 km. Der vegen skiftar frå asfaltert veg til grusveg byrjar ein knallhard oppoverbakke på ca. 2 km opp til toppen merka "Øverberg". Denne ruta byr på ein luftig tur og grusvegen vert av mange samanlikna med den kjente "Trollstigen".


Golf

Ein 5 minutts køyretur unna Syvde (retning mot Eidså) finn du ei av Noregs vakraste golfbaner, nemleg "Vanylven golfpark". Bana er ei 6 hols skogsbane og har kunstgras som underlag på alle greenar. Meir info finn du her: Vanylven Golfklubb

Dokumenter


Under finn du eit dokument med vedtekter.
Vedtekter

Ode til Notaplassen og Hamnelaget
Ode

Kontakt

For ytterlegare spørsmål kontakt oss på:

notaplassenhamnelag@gmail.com

Webmaster: Per-Olav Sandnes Eikrem
Redaktør: Johan André Eikrem